fredag 25. februar 2011

Michael Hudson kritiserer Oljefondet



Forsåvidt omtalt av Aftenposten, men mye bedre av Klassekampen:

Ødslar bort oljefondet (2011-2-21)

[Klassekampen] - Oljefondet plasserer oljeformuen i aksjar og andre finansielle verdipapir, og får kvart år skryt av IMF for å vere ei lur pengeplassering. Kva er eigentleg gale med det?

[Hudson] - Det er ikkje noko gale med oljefondet. Det gjer det politikarane dykkar har sett som mål: Å tene pengar i dei internasjonale finansmarknadene. Problemet er at det spelet er over. Oljefondet er i dag verdt 512 milliardar dollar. USAs sentralbank trykte nett opp like mange dollar med eit tastetrykk. Når dei store statane trykkjer opp så mykje pengar for å berge økonomiane sine, endar fondet dykkar opp med å vedde mot uendeleg kreditt.

- Og med uendeleg kreditt vert pengane våre, som er kreditt, meiningslause?

- Akkurat, seier Hudson engasjert.

og «Satsar på ein daud hest» - et interview med Spetalen(!):

[Spetalen] er samd med den amerikanske økonomiprofessoren Michael Hudson, som har gjesta Noreg for å fortelje oss at finansmarknaden er på veg mot kollaps, og at vi må sjå etter nye stader å putte pensjonspengane våre - til dømes i utdanning og strategisk viktig teknologi. Hudson har vore økonom i JP Morgan Chase, ein av dei fjerde største bankane i USA, og rådgjeve amerikanske, kanadiske og latviske styresmakter.

- Hudson har jobba med investeringsbankar i 30 år. Han har skjønt at dei er baserte på rein svindel. Det er heilt utruleg at Ap er med på dette, seier Spetalen og syner til at Ap-politikar Einar Førde på 80-talet sa at å pumpe statlege pengar inn i børsen er som «å bære havre til en død hest».

I Klassekampen på måndag sa Hudson at selskapa Noreg investerer i, freistar selje gjelda si til oss, og at fondet dimed «subsidierer den internasjonale finanseliten».

Går inn på topp

Spetalen meiner oljefondet følgjer heilt feil strategi når det investerer i utalandske aksjar og obligasjonar. Han argumenterer matematisk: Oljefondet veks raskt når oljeprisen er høg, som før finanskrisa, då oljeprisen steig over 140 dollar fatet. Oljeprisen veks i sin tur raskt når aksjekursane stig, for då er det stor aktivitet i økonomien.

- Dimed endar oljefondet alltid opp med å kjøpe verdipapir når dei ligg høgast i pris. Og den dagen det går verkeleg dårleg og vi faktisk treng pengane til å trygge velferdsstaten og berge industrien, kjem oljepengane til å vere borte, for då har aksjekursane rast. Når 50 prosent av fondet kunne forsvinne i løpet av fire månader under krisa, ser du kor trygt dei står i dag, resonnerer Spetalen.

Kudos til Klassekampen!